Kamp for råmjølkosten

Slow Food har i år ein kampanje til støtte for ost av rå mjølk. Her er ei oversetjing av manifestet. Det er ei rekke ost av rå mjølk i Noreg også som slåst for vidare eksistens i følge Pascale Baudonnel, sekretær i Norsk Gardsost i Undredal, ein av produsentane som arbeider for å gje nordmenn eit meir nyansert syn på ost.

Amerikanske osteprodusentar føler seg trakasserte hitsides all fornuft av ein meiningslaus hets av ikkje-pasteurisert mjølk. Etter innstendig oppmoding frå dei fann vi tida var inne for å lage eit manifest til forsvar for råmjølksosten. Manifestet ynskjer vi å spreie i alle land, inkludert Europa.

Sjølv om det i ”The old world” er lov til å lage ost av råmjølk, er denne produksjonen ofte sett under press frå helsemyndigheitene, og når alt kjem til alt ser det ut som kvar enkelt produsent er overleten til sin eigen skjebne. Vi må hindre at dette skjer, og hjelpe dei som held fram med å produsere ost etter dette prinsippet. For vi, som dei, er overbeviste om at det berre er denne metoden som tek vare på smak, ektheit og særtrekk, så vel som forbrukaren sin helse og trivsel.

Manifest til forsvar for ost av rå mjølk

Råmjølksost er meir enn fantastisk mat; det er eit djuptpløyande uttrykk for våre finaste tradisjonar. Det er både ein kunstart og ein livsstil. Det er ein kultur, ein arv og eit verdsett landskap. Og det er truga av utrydding! Det er truga fordi verdiane det uttrykkjer står i opposisjon til steriliseringa og homogeniseringa i masseprodusert mat.

Vi kallar på alle mat-elskande menneske i heile verda til å reagere no til forsvar for den upasteuriserte ostetradisjonen. Eit forsvar for mat som i hundrevis av år har inspirert, gjeve glede og bærekraft, men som no er i ferd med å bli undergreven av verdsomspennande hygienehysteri.

Vi ønskjer ein slutt på alle diskriminerande reguleringar frå EU, WTO, nasjonale mattilsyn og andre offentlege institusjonar som ugrunna skrenkar inn innbyggjarane sin fridom til å velje å kjøpe denne maten og som truar med å øydeleggje eksistensgrunnlaget for dei handverkarane som produserar han.

Vi set oss mot forsøk frå regulerande myndigheiter på å innføre uoppnåelege produksjonsstandardar under dekke av å verna folkehelsa.

Vi trur at slik tvang vil ha den motsette verknad av det som er føremålet. Den bakteriologiske helsa i dei upasteuriserte mjølkeprodukta våre vert øydelagd av overdrivne steriliseringsprosessar. Sameleis vil folkehelsa bli øydelagd gjennom ein diett av steril mat. Utan utfordringar vil immunsystemet vårt slå feil og medisinen vår bli ineffektiv. Så mykje meir som den unike smaken og aromaen i osten vert bevart av ikkje-pasteurisering.

Vi påkallar difor dei som har i si makt å kunne verna mangfaldet og kompleksiteten i vår regionale mat og helsa og stabiliteten i våre landdistrikt til å handle no og sikre eit fleksibelt, rettferdig og hensiktsmessig regelverk, fornuftige kontrollordningar og ei positiv haldning for framtida.

Ver klar over at når ein gong dugleiken og engasjementet i denne kulturen er gått tapt, kan dei aldri meir gjenskapast.

Vi som skriv under støttar fullt ut teksten i dette manifestet:

Teksten er utarbeidd av Slow Food International og underskriven av ei rekke organisasjonar verda over. Du finn originalmanifestet på Slow Food sine internettsider: www.slowfood.it

Forsiden akkurat nå

Til toppen