Ostemekka

Pascale Baudonnel i Norsk Gardsost har vore på Slow Foods ostemesse Cheese 2001 i Bra, Piemonte, Nord Italia. Her er hennar reisebrev.

"Cheese, smil med oss" stod det å lese på t-skjortene til alle som var med å hjelpte til under den store ostefesten Cheese 2001 som varte 4 dagar til endes i slutten av september. I fire heile dagar gjekk eg rundt i byen å prøvde å få med meg alt. Tilbodet var enormt, variert og spennande. Byen Bra med sine 25.000 innbyggarar tok imot heile 130.000 besøkande på dei fire dagane sjølv om været var kaldt og våt. Et eige "cheese" tog var satt opp frå Milano. Mange utlendingar hadde også funne vegen dit, både som utstillarar og publikum.

Fredagen var det et stort internasjonalt møte om ost av rå mjølk med den vakre tittelen: "The secret of quality is raw milk". Eg registrete deltakarar frå heile Europa og frå USA, Australia, Mexico, Israel, Japan. Alle med eit lidenskapelig forhold til ost med smak. Du finn fleire innlegg under www.slowfood.com , Sloweb, Sloweek. Tre gongar i løpet av seminaret vart det pause med ost og vinsmaking.

Verkstad
Kvar dag var det mulig å melde seg på smakeverkstad med mange spennande tema. Eg deltok på 8 slike verkstad. Deltakarane satt på rekke og rad ved skolepultar, med vinglass framfor seg i staden for penn- og blekkhus. Eit glas for kvar vin og ein vin for kvar ost me skulle smaka på. På podiet sat ekspertane og presenterte kvar ost og kvar vin før me fekk lov til å bedømme sjølve. Heile seansen varte vel 45 min. Ostane var spesielle og opplevinga forsterka av superlativane som hagla frå podiet. Eg hadde ofte problem med å kjenne igjen ein del av smaksnyansane ekspertane beskreiv men det var lærerikt og inspirerande å få del i innsikta og entusiasmen deira.

Utruleg mangfald
To steder i byen var det store ostemarknader som var overfylte av handlelystne. Ostemangfaldet var utruleg og dei alle fleste ostane var laga på rå mjølk: Faste og mjuke ostar, lilla ostar lagra i grappa, ostar hengjande i tau, sju år gamal parmesanost, kvit hjarteost, jordgroplagra ost, ost lagra i høy, amerikanske, sveitsiske, franske, spanske, irske, meksikanske gardsostar, ferske filata ostar som ble fletta varme for publikum, ostar som var så gamle at dei var som ei einaste skorpe med hol etter ostemidd. Eg drista med til å smake litt frå innsida frå ein slik ost og den var kruttsterk. Stor var forundringa over å observera at italienarane gomla i seg både osten, skorpen og midden og så ut til å lika det. Salet gjekk strykande! Dette folket har eg sans for, dei elskar levande ost. Det var ei befriing å oppleva denne fridomen og denne livskrafta.

Det slo meg og kor flinke dei var til å presentere sine produkt og kor stolte dei var av dei. Her var det lite plastikk og kvitt papir å sjå. Dei brukte ting frå naturen: kastanjekolber, einer, ranker med bjørnebær, maiskolber, blader og diverse frukter. Det var som å gå på ei kunstutstilling.

Ein del av torget var reservert dei såkalla " Presidia". Desse sjeldne og utryddingstrua ostane vart nedrente og utsolgte i løpet av andre dagen.

Gran Sala
I ein stor hall var alle dei opphavsmerka ostane i Europa utstilla midt i rommet. Der kunne ein kjøpe smaksprøver av både ostane og eit stort mangfald av viner som var utstilla langs den eine veggen. Rundt i hallen var det bord og stoler der man kunne sette seg ned å nyte maten. Brød vart servert straks man hadde funne seg ein plass. I ytterkantane av hallen var det utstillingar frå forskjellige regionar som presenterte sine særprega produkt. Dei som vakte mest oppsikt var nok den japanske utstillinga i regi av Slow Food i Japan. Den var fargerik og eksotisk. Dei hadde ingen ost å vise men spanderte villig sprit, laga av ris, i ein liten bambuskopp.

Desse dagane var eit eventyr for ein osteelskar. Neste gong blir i 2003. Då vil eg prøve å organisere fellestur i regi av Norsk Gardsost. Så kryss av i kalendaren siste halvdel av september 2003. Kanskje du kan kombinera med ein Italia ferie?

Tekst: Pascale Baudonnel

Forsiden akkurat nå

Naturvinbar uten merkelapper

Bar Brutus er Norges kanskje første rendyrkete naturvinrestaurant med tilhørende tidsriktig grønnsaksdominert meny. Like etterlengtet for noen som provoserende for andre. Beliggenheten bak Botsen bidrar ellers med å utvide grensene for det urbane Oslo.  Les hele saken

Til toppen