Bakt torsk med peparrot-beurre blanc og brekkbønner med røykt bacon
Foto: Werner Anderson

Bakt torsk med peparrot-beurre blanc og brekkbønner med røykt bacon

Fremgangsmåte

Bakt torsk:
Forvarm omnen til 100 grader. Dryss salt over og under fisken og la den ligge i 25 minutt. Skyl så av saltet i kaldt vatn og tørk fisken med eit tørkepapir.

Skjer fileten i stykke på ca. 75 g og legg dei på eit steikebrett med olivenolje under og over fisken. Bak fisken i omnen ved 100 grader i ca. 15 minutt.
 
Brekkbønner med røykt bacon:
Kok opp godt saltet vatn (1 ss salt/ liter vatn). Trim endene på brekkbønnene og ha dei i vatnet og kok dei i 1 minutt. Ta  dei opp av vatnet med ei holsleiv og ha dei i ein bolle med iskaldt vatn med isbita i 2 minuttar. Legg dei over på eit klede eller kjøkkenpapir til dei skal brukast.
 
Fres baconterningane i smør til dei får gyllen farge. Tilset dei forvella brekkbønnene.

Smak til med litt nykverna pepar og litt salt (ver forsiktig med saltet, for bacon inneheld mykje salt). Varm opp.

Peparrot-beurre blanc:
Finhakk sjalottløk. Bland kvitvin med finhakka sjalottløk i ein kasserolle. La det koke inn til det nesten ikkje er væske igjen. Pisk så inn det usalta smøret (pisk heile tida).

Pass på at sausen ikkje kjem for nær opp mot kokepunktet, for da vil den skilje seg. Smak til med nykverna pepar, salt og riven peparrot.

Peparrot er altfor lite brukt. Peparrota har ein sterk og markant smak som går til det meste. Den kan også vatnast ut så den blir mildare.
 
Smørsteikte poteter:
Skjer 2 poteter i tynne skiver. Det skal berre vere 4 potetskiver per person. Steik skivene i smør over middels varme til dei blir møre. Dryss litt salt og pepar på.
 
Soltørka tomatar:
Del tomatane i ca. ½ cm tjukke strimlar og varm dei i ein liten kasserolle saman med oljen. Ta dei opp av oljen og la dei renne av på kjøkkenpapir.
 
Anrett retten slik som på biletet.
 
Oppskriften er hentet fra Gorumet for folket av Ole Jonny Eikefjord.
 

Sendt inn av Ole Jonny Eikefjord

4
4/5 etter 1 anmeldelse
Din vurdering:

Forsiden akkurat nå

Til toppen