Bodil Nordjores kling
Foto: Mona Gundersen

Bodil Nordjores kling

Fremgangsmåte

Smør og mjølk blir koka opp, ha i semulegryn og kok ein graut, lat dette småkoke i 10 min, avkjøl 4 min, tak grauten i ein bolle og mjøla til ein fin deig, ikkje for fast!

Tak deigen (nåa) ut på bakstebordet og elt inn passa med mjøl, det er litt varmt (heitt) so du kan gjerne nytte ei deigskrape til å samle deigen med.

Del opp i emne om lag 20 emner. Lag deigemna ferdig.

Legg dei på litt mjøl i hjørna på bakstefjøla, då tek dei seg litt «att» og dei renn ut mellom fingrane og kjevlet ditt.

Denne deigen er veldig lett å baka, lefsene blir veldig møyre med semulegryn, og so er der mindre kveitemjøl, dei blir mjukare og lettar å smørje.

Bløyt med dusjeflaske, legg leivane mellom klede, smør med mjukt og godt smør, strø med sukker til passa søtt. Brett saman (sjå bilete).

Sendt inn av Bodil Nordjorde, Lefseboka

4
4/5 etter 89 anmeldelser
Din vurdering:

Forsiden akkurat nå

Til toppen